Bryllaup

Bryllaup er kjærleiken sin fest. To menneske lover å elska og æra kverandre, og å halde saman  i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løfta vert gjevne med vitne til stades.

Ynskjer de kyrkjeleg vigsel, er det første de må gjere å avtale dato og tidspunkt for seremonien. Ta difor kontakt med kyrkjekontoret så snart som mogleg.

Det er Folkeregisteret som undersøkjer om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De må sjølve skaffe Prøvingsattest/Melding om vigsel frå Folkeregisteret, og ta dei med til den personen som skal stå for sjølve vigsla. Dette bør gjerast i god tid - men hugs at prøvingsattesten de får attende frå Folkeregisteret berre er gydlig i 4 månadar.