Konfirmasjon

Ordet konfirmasjon kjem frå det latinske verbet confirmare, som tyder å styrke, stadfeste eller «å gjere sterk».

I Norge kan du vere konfirmant det året du går i 9.klasse.

Konfirmasjonstida handlar om mange ting; både om å få meir kunnskap og kjennskap til kristen tru og praksis, og om ungdomstid, fellesskap og om å la familie og venner feire deg.

Kyrkja prøver å gjere tida så god som mogleg for deg som konfirmant.

Det er viktig at du engasjerer deg i opplegget ved å delta aktivt på samlingane.