Misjonerprosjektane i kyrkjane i Selje

Ervik sokneråd sitt misjonsprosjekt i LiberiaI mange år har kyrkjelyden i Ervik støtta Misjonsalliansen sitt arbeid i Bolivia. På kyrkjelyden sin årsfest 2017 vart det bestemt at vi skulle flytte støtta vår over til arbeidet i Liberia. Vi hadde då hatt samtalar med tilsette i Misjonsalliansen, og dei uttalte eit stort behov for støtte til arbeidet i Liberia.Frå 1989 til 2003 var det borgarkrig i Liberia, og over 250 000 av dei ca 4 millionar innbyggjarane vart drepne i denne øydeleggjande krigen. Landet manglar alt, infrastruktur, tilgang til vatn, elektrisitet, skule.Misjonsalliansen samarbeider med lokalbefolkninga og metodistkyrkja i Liberia. Det er viktig at folket sjølv er med på å definere behova sine, planleggje, organisere og gjennomføre arbeidet. Meir enn halve befolkninga i Liberia er under 25 år, og mindre enn halvparten av barna fullfører grunnskulen. Berre to av hundre fullfører vidaregåande utdanning. Difor er skule ei viktig sak i arbeidet. Det blir bygd skular, og på stadar der det er vanskeleg å få tak i lærarar, blir det bygd lærarbustadar. Soknerådet ønsker å ha nær kontakt med Misjonsalliansen for å kunne fylgje arbeidet i Liberia og halde kyrkjelyden orientert om misjonsprosjektet.