Vi må gjere eit nasjonalt "krafttak" no slik at vi kanskje kan få tilbake den normale kvardagen etterkvart. Vi får halde motet oppe litt lenger og hente fram i oss litt meir tolmod i høve desse nye tiltaka.
Alle kyrkjelege handlingar utanom gravferder er no innstilt til 18.01.21. Det kan maks vere 50 personar til stades i gravferder. Øvrige smittevernsreglar og restriksjonar gjeld. Følg anvisning i kyrkjene.
---------
Treng du nokon å snakke med?
Vi er her for deg om du treng nokon å snakke med! Ring kyrkjekontoret på telefon 70199600 (tirsdag til fredag frå kl. 10-14) så sett vi deg i kontakt med prestane eller diakonen vår.
Kirkens SOS
Kirkens SOS er landets største døgnåpne krisetjeneste på telefon og internett. Hos oss er det alltid nokon som tar imot samtalar, kvar einaste dag, døgnet rundt, også i feriar og høgtider.
Ring 22 40 40 00, eller søk på: www.kirkens-sos.no for å chatte eller finne mer informasjon.
Nettkirken
Be ei bønn, tenn eit lys eller skriv ein e-post til prest/diakon: Nettkirken
---------
Det går heldigvis mot lysare tider og forhåpentleg tider der vi kan møtast meir.
Hald ut og ta godt vare på kvarandre så lenge!
<3