Opp og fram med Sula sokn! Idémyldring etter gudstenestene 2. og 9. februar.
Soknerådet i Sula har bestemt, at denne våre skal vi gjennomføre ein strategiprosess i soknet. Det høyrest kanskje kjedeleg ut, men vi trur at det skal gi ei god anledning til å tenke grundig over korleis vi skal vere kyrkjelyd.
På dei to neste søndagane skal kyrkjelyden få kome til orde, 2. og 9 februar inviterer vi til idémyldring etter gudstenestene, under kyrkjekaffien. Da er det lov å kome med tankar og idéar om vegen framover. Om ein kjenner at ein brenn inne med noko, men ikkje kan kome på nokon av dei gudstenestene, er det lov å slå på tråden eller sende ein mail til kyrkjekontoret.
Samstundes kjem vi til å intervjue nokre menneske rundt oss, og kanskje kjem det ei spørjeundersøking på nett også.
Utover våren kjem vi til å jobbe med å lage ein strategi. Vi har knytt til oss ein konsulent frå KA (kyrkjeleg arbeidsgjevarforening), som skal leie oss i arbeidet. Den som har lyst å vere med på dette, er velkommen til å seie frå om det. Arbeidsmengda er overkommeleg og arbeidet kjekt.
Soknerådet og staben har stor tru på at vi går inn i sommaren med ei mykje klarare retning, for kva vi skal vere og gjere som kyrkjelyd i åra som kjem.