Kyrkja i byen er ei diakonal satsing i Førde. Gjennom Kyrkja i byen ønskjer vi at innbyggjarane i Førde skal oppleve at kyrkja er tilstades og nærværande i byen.
Kyrkja i byen
Kyrkja i byen er vanlegvis på Skywalken på Handelshuset kvar torsdag i skuleåret mellom klokka 13.30-15.30. Vi er der folk er, midt i vrimmelen og inviterer til å stoppe opp og slå av ein prat. Ein kan veksle nokre ord og ved behov avtale samtale på anna tidspunkt.