Tenk om vi kunne lært av barnet som vart fødd i fattigdom i Betlehem. Han som kom med så totalt annleis svar. Han sette dei siste først, han sette barna som eksempel for trua vår, han kritiserte dei sjølvgode og løfta opp dei hjelpelause og tok vekk skiljeliner mellom sitt eige folk og andre folk og ba læresveinane om å nå alle folkeslag.
Skjønar me kor radikalt det var då Jesus i likninga om den miskunnsame samaritan sette nettopp han som døme på kven som viser seg som eit godt medmenneske? At presten og levitten gjekk forbi, medan denne utlendingen frå eit folk jødar ikkje ville omgåast var den som brydde seg? Alle har lik verdi i Guds auger. Jesus kom med nye tankar og nye svar.
Ideelt sett skulle vi difor ikkje sjå på kvarandre som nordmenn, svenskar, russerar, ukrainere, jødar, palestinarar, - eller som kristne og muslimar. Ideelt sett skal vi tole og elske kvarandre som menneske slik at vi kan bu og tru og trivast der vi vil. For vi er først og fremst menneske. Skapte i Guds bilete til å leve på ein felles klode.
Men vi gjer ikkje det. ”Dette er mitt!!” Vi held på våre skiljelinjer og gjere forskjell på våre barn og andre barn. På landsmenn og framande.
Gamle svar er:
”De har høyrt det er sagt: Auge for auge og tann for tann.”
Ei ugjerning blir møtt med ei like stor eller større ugjerning.
Jesus svar er annleis:
”Men eg seier dykk: Set dykk ikkje til motverje mot den som gjer vondt mot dykk. Om nokon slår deg på høgre kinnet, så vend og det andre til. Vil nokon saksøkja deg og ta skjorta di, så lat han få kappa og. Tvingar nokon deg til å følgja han ei mil, så gå to med han. Gjev til den som bed deg, og vend ikkje ryggen til den som vil låna av deg.”
De har høyrt det er sagt: ”Du skal elska nesten din og hata fienden dykkar. Men eg seier dykk: Elsk fiendane dykkar, velsign dei som forbanna dykk…”
- Er det ikkje naivt? Vil ikkje det vonde då sigre over det gode?
Kva er alternativet? Framleis bruke gamle svar? Då blir det jo krig og drap då. I kampen for å halde på det som skil oss frå kvarandre.
Jesusbarnet kom for å forandre verda. Ved å møte vondt med godt.
Tør vi prøve det? Tør vi lære vår born til det? Eller har vi betre alternativ? Andre enn gamle svar?