Påskefrukost og påskevandring for heile familien
Kl. 09.45 1. påskedag begynner vi med påskefrukost på Sande kyrkjelydshus. Ta med det du vil ete. Egg, kaffi, te, mjølk eller juice får ein på kyrkjelydshuset. Aktivitet denne dagen blir: Påskevandring! Vi «vandrar» gjennom påskedagane, frå stasjon Palmesøndag til Skjærtorsdag, Langfredag og Påskedag – og det er både aktivitet og gudsteneste. Tips: Ta med påskeliljeplante med jord! Den skal vi pynte med ute!. GOD PÅSKE!