Friluftsgudsteneste Dvergsdalsdalen 07.februar 2021

Firda Tidend - journalist Hallstein Dvergsdal. Førsteside og midtside oppslag- papiravisa 09.02.21 FLYTTA GUDSTENENESTA UT

Friluftsgudsteneste Dvergsdalsdalen 07.februar 2021

Kornareglargjer at kyrkjene ikkje kan ha meir enn 10 personar innom dørene på gudstenenster og andre arrangement, Søndag var det friluftsgudsteneste i Dvergsdalsdalen i Jølster. 
Dette går heilt fint om det er kaldt. Det er berre å kle på seg, konstanterte tidlegare prost Reidar Knapstad, som skal vikariere for sokneprest
Silje Sørebø det komande året.

Kyrkja flyttar ut i kulden
Dei nyaste koronareglane gjer at kyrkjene ikkje kan ha meir enn 10 menneske inn om dørene på gudstenester og andre arrangement.
Dermed må det tenkjast nytt, og dei to siste søndagane har det vore friluftsgudsteneste i Jølster.
Sol og kulde
Siste søndag i januar var det gudsteneste i skileikanlegget i Årdalen.

Denne søndagen var det ein av toppturparkeringane i Dvergsdalsdalen som var arena for gudsteneste.
Parkeringsplassen ligg ved starten av lysløypa og er mykje brukt av dei som skal på Grovabreen, Dvergsdalsstøylen eller fjella rundt.
– Her har eg aldri vore før, sa tidlegare prost i Sunnfjord, Reidar Knapstad, då han kom for å halde gudsteneste i strålande sol, men gnistrande kulde.
– Det er litt av kvart ein pensjonert prost må vere på?
– Ja, men dette går heilt fint sjølv om det er kaldt. Det er berre å kle på seg, og etter gudstenesta skal eg ha meg ein skitur, sa Knapstad som skal vikariere for sokneprest Silje Sørebø det komande året.

Tre søndagar ute
Reidar Knapstad hadde også utegudstenesta i Årdalen for ei veke sidan, og neste søndag skal han ha gudsteneste på ein støl ein annan plass i Sunnfjord.
– Det er fint å kome inn i ein slik katedral og halde gudsteneste, sa Knapstad då han tok plass framfor mikrofonen og om lag 30 frammøtte kyrkjegjengarar.

Hadde det ikkje vore så kaldt som det var, hadde det gjerne vore fleire, men presten var nøgd med frammøtet og gjorde ferdig gudstenesta på ein halv time, slik at både han og ein del andre kunne få seg ein skitur i den vakre, men kalde søndagen.

Kan bli meir
Men før det heile var slutt, vart det servert varm saft, noko som gjorde seg i kulden.
– Blir dette normalen når det gjeld gudstenester framover, spurde vi leiar for Helgheim sokneråd, Astrid Aardalsbakke Feldt.
– Vi får sjå litt etter kvart, men slik koronareglane er no, er det vanskeleg å ha noko i kyrkjene. Nokre søndager framover vil vi nok halde gudstenete ute, svara soknerådsleiaren.
Og gamleprosten, han tok på seg skia og la i veg med kurs for Dvergsdalsstøylen.

Når det gjeld framtidige utegudstenester, blir den neste på trappa til Vassenden kyrkjesenter, neste søndag

 

Takk til Hallstein Dvergsdal

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"