Josef – ei forteljing om draumar, svik og stor kjærleik

I forteljing og jazztoner: Ålhus kyrkje, tysdag 15. november kl.19.00.

Josef – ei forteljing om draumar, svik og stor kjærleik

Forteljinga om Josef frå Det gamle testamentet har alt: Vidunderlege draumar, fryktelege svik og endelaus kjærleik.

Denne gamle historia frå Bibelen foreinar kristendom, islam og jødedom på ein unik måte, og er eit referanseverk i verdenslitteraturen.

Kanskje er dette ei av verdas aller beste forteljingar? Historia har inspirert mange kunstnarar til å uttrykke den på nye måtar fram gjennom tidene: Andrew Loyd Webber laga sin første musikal over denne forteljinga, og vi finn forteljinga i bøker av forfattarar i ulike epokar, slik som Thomas Mann og Tor Åge Bringsverd.

Forteljar Helga Samset viser oss kor underhaldande, relevant og engasjerande ei 2500 år gammel forteljing kan vere når ho i lag med jazzmusikar Jonas Kilmork Vemøy skapar stor forteljarkunst av den gamle historia.

Allsong i prestegarden på Ålhus etter framsyninga i kyrkja. Kaffe/te og noko å bite i.

Billett i døra kr 200/150 (medlem i folkeakademiet)

 

Nokre klypp frå tidlegare publikums-omtalar:

"Vi ble kjent med Josef på en helt ny måte! Fortellingen og musikken skaper et fantastisk rom for innlevelse. Vi var med ned i brønnen, inn i Egypt, vi kom nær Josef og brødrene hans. Forestillingen er gripende og sterk – den anbefales!"

«Josef» må oppleves! Helga har en fantastisk evne til å dra lytteren inn i historien. Jonas levendegjør eposet fra Det gamle testamentet med stemme og instrumenter – nært og rørende.

"Helga og Jonas gjorde den gamle fortellingen levende og aktuell. Det gav høy gåsehudfaktor!"

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"