Kyrkjelydstur til Orheimstunet

Ålhus og Helgheim sokneråd, inviterar til tur til Orheimstunet. søndag 21.august. Buss frå Firda Billag på Skei kl.09:00 Pris kr 350,- Påmelding til Kyrkjekontoret tlf 57828180 , (det er ledige plassar på bussen pr.16.8)

Kyrkjelydstur til Orheimstunet

Mathias Orheim (født 26.juli 1884 på Står¬heim, død 20.april 1958 same stad) var ein norsk salmediktar og lekpredikant. Orheim reiste rundt som forkynnar i bygdene våre, men og andre stader. Han vitja kvart einaste prestegjeld med unntak av nokre få i Finn¬mark. Han heldt over 35.000 møter! Han er og kjend for å spele på glas og syngje. Han spelte og på fele. Han var motstandar av den rådande pietismen. Bodskapen hans var ein gladare, meir heimsleg, jordnær og praktisk kristendom. Orheim er kjend som lyrikar og salmediktar. Men han skreiv og 10 romanar. Orheim var ein ihuga forkjempar for det nynorske språket. Orheim miste gradvis sy¬net. Som 32-åring var gangsynet borte. Men Orheim heldt fram aktiviteten for fullt. Arne Grimstad kalla han for «den blinde sjåaren.» Kona hans Maria var «den støttande han¬da hans» i alle år. Dei bad til gud om om å «få slutte av i lag.» Dei var bønhøyrde. Dei døydde begge i heimen i 1958 med 3 timars mellomrom.
Sonedotter Åshild Orheim Haga bygde på slutten av 1900-talet opp eit heilt Mathias Orheim-museum på heimegarden på Står¬heim.
Denne dagen vil vi få omvising på museet og vi skal drikke kaffi i hovudhuset. Har du lyst til å høyre historia om «den blinde sjåa¬ren» Mathias Orheim, så meld deg på turen!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"