«Sjå i nåde til oss»

«Sjå i nåde til oss» skrevet av Ingrid Søyland

«Sjå i nåde til oss»

«Sjå i nåde til oss»
Ordet nåde har tre tydingar, seier ordboka. «Guds kjærleik og miskunn» er den nærliggjande tydinga for folk flest, då uttrykket er ein del av liturgien i gudstenesta. I Ålhus kyrkje fekk eit 40-tals personar nyleg høyre om nåden på ein annan måte. I samtale med Janne Karin Støylen reflekterte Olaug Nilssen og Laura Djupvik over korleis livet byr på mangslungne utfordringar med like mange følgjer. «I livet slår lagnaden vilkårslaust fylgje»: Dei to forfattarane har nyleg kome med kvar si bok, der dei utforskar tilhøva for eigenverd og for tillit vi måtte ha til kvarandre, når dagane krev meir enn vi maktar.
Olaug Nilssen si «Yt etter evne, få etter behov» spør mellom linjene: Kven skal ta det ansvaret ingen eigentleg klarer når krava blir større enn kreftene? Finst det balanse mellom plikt og fridom hjå menneske?
Laura Djupvik si novellesamling «No fær huset» fortel om kor sårbart livet kan vere. Det kan vere vanskeleg å leve eit heilt alminneleg liv, noko dei fleste erfarer på ulikt vis. Og kva er «eit heilt alminneleg liv»?
Vi hadde ei interessant og gjevande stund i Ålhuskyrkja denne fredagskvelden. Dei tre kvinnene samtala nært og tankevekkjande, og ein fekk augo opp for korleis litteratur kan vere til hjelp og støtte – nåde - når vanskane tårnar seg opp. Det same gjeld song og musikk: Erlend Os song Bjørn Eidsvåg-tekstar og spelte piano til. Vakkert og profesjonelt!
Denne meldaren fekk eit utvida forhold til ordet nåde etter denne kvelden. Ordboka har også tydinga «velvilje, mildskap». Desse orda kan gjerne følgje oss alle, ikkje minst i møte med dei som har større utfordringar i livet enn folk flest.

Ingrid Søyland

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"