Tur til tusenårsstaden Gulen

Gulatingslova er den eldste lova som tek fram folkestyre i Norden. I samband med nasjonalt jubileum kristenretten og 750 års jubileum for Landslova, er Gulatinget/Eivindvik peika ut som «tusenårsstad i Sogn og Fjordane». 23. -25. august er det jubileumsfeiring med ulike arrangement. Eit av dei er jubileumsgudsteneste i Gulen kyrkje i Eivindvik 25/8 med biskop Ragnhild Jepsen. Kyrkja i Jølster har i fleire år reist på tur med full buss med Vidar Feldt som super sjåfør. Vi har vore på Kinnaspelet, Seljumannamesse, «heim» til Sørebø, til Urnes stavkyrkje, Orheimtunet og i fjor til Dragseidespelet. Det har vore flotte opplevingar, fin tur og godt fellesskap. I år inviterer vi deg med til Gulen til Tusenårsstaden og jubileumsgudsteneste i Gulen kyrkje med biskopen.

Tusenårsstaden i Gulen
  • Søndag 25/8 avreise med buss frå Skei kl. 07.00.
  • kl 11.00 gudsteneste Gulen Kyrkje i Eivindvik med biskop Ragnhild Jepsen.
  • Kyrkjekaffi i kommunehuset.
  • Mat i "Grindstova" (eller annan stad)
  • Omvising på Gulatingstaden på Flolid 4 km frå Eivindvik

Ta med niste.
Pris ca. kr 500 for vaksne. Born kr 100..

Meld deg på til kyrkjekontoret innan 15/8, tlf. 57828180  (sentralbord Sunnfjordkyrkja)
post.jolster@sunnfjordkyrkja.no 
eller Astrid Feldt 41684368, astridaafeldt@gmail.com, 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"