Vi ringjer påska inn - Jølster

Det vert ei annleis påskehøgtid med stille, bøn og venting på håp. Faren for koronasmitte gjer noko med dei fleste av oss. Denne påska opplever vi noko av den same forvirringa og kontrastane som det vert fortalt om i evangelia: fellesskap og einsemd, redsle og isolasjon, liv og død, mørke og lys, liding og trøyst, sorg og håp. I Sunnfjord vil vi likevel formidle påskebodskapen på ulike måtar, bl.a. med kyrkjeklokkene. I samband med høgtidsringinga, er kyrkjene i Jølster opne.

Vi ringjer påska inn - Jølster

Naustdal
Høgtidsringing påskeafta: kl 17-18 både Naustdal og Vevring.
Naustdal kyrkje: Palmelaurdag kl 17 og ringing som om det skal vere gudsteneste 1.påskedag kl 11.

Gaular
Alle 3 kyrkjene: Høgtidsringing påskeafta kl 17.00-18.00 og ringing som om det skal vere gudsteneste 1. påskedag kl 11.00.

Jølster
Høgtidsringing alle kyrkjer, påskeafta kl 17.00-18.00.
Opne kyrkjer i samband med høgtidsringing.
Helgheim kyrkje: ringing til «køyr-inn-gudsteneste» på parkeringsplassen ved kyrkja kl 11.00 1. påskedag.

Førde
Palmelaurdag kl 17.00.
Høgtidsringing påskeafta: kl 17.00-18.00.
Ringing som om det skal vere gudsteneste 1. påskedag kl 11.00.

Holsen og Haukedalen kyrkjer
Høgtidsringing påskeafta kl 17.00-18.00 og ringing som om det skal vere gudsteneste 1. påskedag kl 11.00.

Det er høve til å følgje gudsteneste på radio og TV på søndagar òg gjennom påskehelga. I tillegg vert det lagt ut «søndagstankar» på heimesidene her i Sunnfjord og dagleg bøn på Bjørgvin bispedøme sine nettsider.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"