laurdag 21. oktober:
- kl.10.00 på Vassenden kyrkjesenter
- kl.13.00 på Skei misjonshus
søndag 22. oktober
- kl.11.00 i Helgheim kyrkje
- kl.14.00 på Vassenden kyrkjesenter
Trusopplæring
Dei fleste av dykk har døypt borna dykkar i kyrkja. Nokre av dykk er døypte sjølve, utan at borna er døypte. Kyrkja og heimen har eit felles ansvar for å lære borna om den trua dei er døypte til. Difor inviterer vi til dette trusopplæringsarrangementet. Også for dei som ikkje er døypte, kan trusopplæringa vere ei hjelp til å bli kjende med kyrkja og den kristne tru. Samlinga er open for alle 4-åringer med foreldre som har lyst å komme, også dei som ikkje står i medlemsregisteret til Den norske kyrkja, så om de veit om nokon som ikkje har fått invitasjon, men som gjerne ville vore med, er det berre å invitere med.
Songane i «Mi kyrkjebok 4» finn du på Spotify (Sanger Min kirkebok 4).
For alle 4-åringar: Har barnet ditt behov for spesiell tilrettelegging på samlingane med omsyn til mat eller andre tilhøve? Ta kontakt på førehand!
Påmelding: Vi treng påmelding både for laurdag og søndag. Send påmelding på epost til silje.sorebo@sunnfjordkyrkja.no innan tysdag 17. oktober. Dersom de har spørsmål kan de kontakte:
Silje prest på tlf 47399492