BABYSONG er eit tilbod frå kyrkja i Jølster. Vårt ynskje med BABYSONG er ein aktivitet som skaper fellesskap og kan opplevast meningsfull både for store og små. BABYSONG er ein del av trusopplæringstilbodet for borna i kyrkjelydene i Jølster, men born som ikkje er døypte er sjølvsagt også velkomne. Kven kan vere med på babysong? Alle babyar i følge med mamma, pappa eller ein annan omsorgsperson.
BABYSONG-samlingane er på Vassenden kyrkjesenter
annankvar mandag frå kl.11.00
Songstunda varer ca.30 min. Etterpå vert mat og prat.
Mogeleg å kjøpe kaffi/te og noko attåt for kr.20,-
Det er ingen krav til songstemme, vi syng med den stemma vi har.
OG HUGS: For din baby er di stemme den vakraste i verda!
Datoar hausten 2024
- 26. august
- 9. september
- 23. september
- 7. oktober
- 21. oktober
- 4. november
- 18. november
- 2. desember
- 14. desember
VELKOMMEN!