På søndag blir det gudsteneste kl.11.00 som er åpen for alle. Då kan familie
komme og vere med. Etter gudstenesta blir det kaffe og kaker og
utlodning til kyrkjelydens grøne prosjekt i
India.
Vi skal ikkje vere vakne heile natta, men Lys vaken handlar om å vere lys vakne for det som skjer rundt oss, lys vakne for kvarandre, for rettferd og skaparverket.
Meld deg på!
Du må melde deg på Lys vaken innan 10. nov ved å gå inn på denne linken:
minkirkeside.no/sunnfjord. Der vel de kva aktivitet de skal vere med på
om ettermiddagen.
Leiarar som blir med:
Sokneprest Silje Sørebø, kyrkjearbeidar Andrine Haugen Lundekvam, speidarleiar Aase Britt Øygard m.fleir. Nokre ungdommar frå vgs blir også med. Det er fint om foreldre/føresatte har lyst å hjelpe til. Meld dykk isåfall ved påmeldinga.
Dette må du ta med på leir:
Ein liten premie til utlodninga søndag (helst noko brukt heimafrå som andre kan ha glede av)
- Sovepose og liggeunderlag (og eventuelt pute)
- Tannbørste og pysjamas
- Varme klede (til å vere ute)
- Innesko dersom du skal vere med på idrettsaktivitet i hall
- Godteri for ca 25 kr til å dele (vi samlar inn slik at vi deler med kvarandre)
- Mobilar som er med, blir oppbevart i mobilhotell under leiren.
Velkomen til leir! Håpar du har lyst å vere med!
Venleg helsing, trusopplæringsutvalet i Helgheim og Ålhus sokn