Babysong

Velkomen til song og musikk for dei minste.

Babysong

Vi syng, brukar rytmeinstrument og lyttar til musikk. Det er og tid for samtale og måltid. Ta gjerne med matpakke, vi serverer te og kaffi.

Datoar haust 2020:

  • 2.-16. og 30 september.
  • 14. (litt usikkert) og 28. oktober.
  • 11.og 25. november. (Alle samlingane er på onsdagar.)

Vi opnar dørene kl. 10.30. Program frå 11.00 – ca. kl. 11.30

Sosialt samvær fram til 12.30.

SPIREN ER:

  • Song, musikk og rytmer for dei minste.
  • Ein møtestad for born og vaksne.
  • Tid til prat, leik og avslapping.
  • Songar med kristent innhald, barnesongar og voggesongar frå gamle tider og nokre av nyare dato.

Syng med di eiga stemme! Barnet ditt elskar akkurat di stemme.Spiren er ein del av Trusoppplæringa /kyrkja sitt arbeid i Naustdal/Vevring og er ope for alle som ynskjer å ta del. Vi ynskjer at Spiren skal være ein god og trygg stad å vere for store  og små.

Vi har gode matter som borna kan ligge på, men ta gjerne med eige    teppe i tillegg. Ta gjerne med matpakke! Vi serverer te/kaffi/vatn og frukt.

Musikk er viktig for barnet si utvikling, både kroppsleg, emosjonelt og sosialt. Barnet har opplevd rytme og rørsle heilt frå starten. Barnet har høyrt stemmer, lydar, musikk. Etter at barnet kom ut i verda, kan han/ho få oppleve dette på ein annan og meir direkte måte.  På babysong kan barnet ta del i song, musikk og rytmer, saman med andre barn og vaksne.

 

 

   

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"