Frå skulesalmeboka si tid

På Naustdal kyrkjelydshus tysdag 20. september kl.19 00 er vi tilbake til skulekvardagen på 50 -60- og tidleg 70-talet når vi syng oss gjennom ulike songar og salmar som var vanleg i skulen i denne tidsperioden.

Frå skulesalmeboka si tid

Med i programmet får vi med solosong, blokkfløytespel og ikkje minst allsong. Mellom dei ulike innslaga får vi ein kort presentasjon av desse songane knytt til salmesong i skulen. Med anekdoter og sitat frå skulekvardagen der songen var ein sjølvsagt del av dagen- frå første timen om morgonen, og til slutt før klokka ringde ut etter siste timen.

I tillegg til dette får vi høyre og lære litt om Salmodikon - instrumentet som for omlag 100 år sidan var fast inventar i klasserommet i skulen. Dette vart traktert av læraren, og brukt til å leie songen.

Aktørane er:

  • Cathrin Hjelle Søvde, song
  • Rakel og Jan Roger Myklebust, blokkfløyte
  • Magnus Hope og Gunnar Smaadal, salmodikon
  • Rune Molvik, programleiar og piano

Vel møtt til ei triveleg song- og musikkstund i Naustdal kyrkjelydshus.

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"