Kva er kyrkjevalet?

I Den norske kyrkje er det rom for deg. Bruk di stemme i kyrkjevalet.

Kva er kyrkjevalet?

Kort om kyrkjevalet

  • Demokratisk val der ein vel kven som skal styre Den norske kyrkja dei neste fire år
  • Det blir valt representantar til sokneråd (lokalt), bispedømmeråd (regionalt) og Kyrkjemøtet (nasjonalt)
  • På valdagen kan du stemme i kyrkjevalet i nærleiken av kommunevalet
  • I 2023 kan du førehandsstemme digitalt frå 10. august til 6. september
  • Den norske kyrkja sine medlemmer, født i 2008 eller før, har stemmerett i 2023
  • Alle medlemmer over 18 år kan stille til val

Di stemme tel i kyrkjevalet
Ved kyrkjevalet 11. september har du høve til å påverke korleis vår kyrkje skal vere. På same tid som det er val til kommunestyre og fylkesting, kan du stemme fram kven som skal leie kyrkja på lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Nytt av året er at du kan førehandsstemme digitalt. Det gjer du på www.kyrkjevalet.no frå 10. august til og med 6. september. Du kan òg førehandsstemme fysisk, sjå informasjon for kvart sokn. Alle i Sunnfjord kan førehandsrøyste i alle lokale.

To val
Kyrkjevalet er to val: Du kan stemme på kandidatar til sokneråd og til bispedømeråd og Kyrkjemøtet.

Til soknerådsvalet har dyktige medlemer sagt ja til å vere kandidatar til sokneråda og leie kyrkjelydane dei fire neste åra. I soknerådsvalet stemmer du på enkeltpersonar. Du har då høve til å setje kryss ved inntil tre kandidatar og gje desse ei ekstrastemme. Kandidatane med flest stemmer blir med i rådet.

I val til bispedømeråd og Kyrkjemøtet er du med på å bestemme kven som utgjer bispedømmerådet. Rådet tilset blant anna prestar og leier bispedømet saman med biskopen. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, det øvste representative organet i Den norske kyrkja. Når du stemmer i bispedømerådsvalet er du med på å avgjere kven som utgjer Kyrkjemøtet. I dette valet stemmer du på ei liste. Listene legg vekt på ulike saker dei vil arbeide for i kyrkja. I Bjørgvin stiller Bønnelista, Frimodig kyrkje, Nominasjonskomiteens liste og Open folkekyrkje lister. I begge vala er det høve til å gjere endringar på listene, til dømes å gje personstemme til enkelte kandidatar. Kva for endringar det gjeld, og korleis endringane påverkar valresultatet, kan du lese meir om på www.kyrkjevalet.no

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"