Tid for tru - temakveldar i fastetida

Kyrkjelydane i «Sunnfjordkyrkja» samarbeider om eit felles opplegg Tid for tru som startar oskeonsdag. Deretter fire torsdagar fram mot påske. Tid til ettertanke, bøn og fellesskap. Vi oppmodar folk om å krysse grenser og ta turen til kyrkja i nabo-sokna.

Tid for tru

Oskeonsdag 5. mars i Førde kyrkje
kl. 19.00 Skriftemålsgudsteneste  Tema: «På veg inn i Fastetida»
v/Ingvald Andersen Frøyen og Gro Gunnarson.

Torsdag 13. mars i Helgheim kyrkje
kl. 19.00 Tema: «Det er ei tid for alt som hender under himmelen.»
- Om tider og tidene ved prest Frode Skeide. 
kl. 20.00 Kveldsmesse ved prest Geir Sørebø og organist  Rune Molvik.

Torsdag 20. mars i Sande kyrkje
kl. 19.00 Tema: «Ørkenvandring»
- Når livet og trua vert prøvd, kan vi hente noko frå ørkenforteljingane i Bibelen? ved prest Rigmor Frøyen. 
kl. 20.00 Kveldsmesse ved prest Frode Skeide og organist Asbjørn Flåm.

Torsdag 27. mars i Naustdal kyrkje
kl. 19.00 Tema: «Langfredag» - var det nødvendig?  ved prest Jorun Knapstad. 
kl. 20.00 Kveldsmesse ved prest Rigmor Frøyen og organist Erlend Os.

Torsdag 3. april Førde kyrkje 
kl. 19.00 Tema «Se vi går opp til Jerusalem» - på Davids tid, på Jesu tid og i dag ved prest Geir Sørebø.
kl. 20.00 Kveldsmesse ved diakon Anita Øvreås Rusken og organist Gro Gunnarson.

Ramme for kvelden
kl. 19.00 Tema/bibeltime (ca 30 minutt) 
Pause med kaffi/te og noko å bite i. 
kl. 20.00 Kveldsmesse (ca 30 minutt)

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"