Preses Olav: - Vi klarar oss ikkje utan tillit

Preses Olav Fykse Tveit talte i dag under opninga av Olavsfest 2023. Her kan du sjå bilete frå opninga på Vestfrontplassen og lese talen til preses Olav Fykse Tveit.

Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit, talar under opninga av Olavsfest 2023.

Kjære alle saman!

Velkomne til Olavsfest i Nidaros, til det som skal skje i og utanfor Nidarosdomen, og i borggården i Erkebispegarden! På vegner av Den norske kyrkja, Nidaros bispedømme og kyrkja her i Trondheim vil eg uttrykkje vår glede og forventning til kva årets kultur- og kyrkjefest skal gi oss. Eg ser spesielt fram til samarbeid med den nye direktøren for Olavsfest, Steinar Larsen.

Tillit. Årets ord er eit sterkt og sårbart ord. Vi klarar oss ikkje utan.

Ordet peikar både bakover og framover. Det kan jo også lesast både framlengs og baklengs.

Tillit peikar bakover, til det som var og som har skapt ein relasjon mellom menneske. Tilliten byggjer på det vi har opplevd. Tillit opnar for det den andre kan bidra med, slik at vi kan gi ansvar til kvarandre. Tillit gjer at vi kan dele det som er godt og det som er vanskeleg, og stå saman. Tillit byggjer fellesskap i dei nære relasjoner og i samfunnet. Det er byggesteinane i eit demokrati, der dei som styrer er tillitsvalde. Vi opplever på dramatisk vis i denne tida at tillit er ei forutsetning for at vi kan leve i fred mellom ulike grupper i vårt samfunn, mellom nasjonar, og mellom dei ulike religionar.

Little Amal under opninga av Olavsfest 2023

Når vi tenkjer på temaet «tillit» bakover, over det som har skjedd, kan det bli mykje vekt på mis-tillit, kva som skjer når tilliten ikkje lenger er der. Det høyrer med i eit fellesskap at det kan skje. Men tanken på mistillit kan også få svært stor plass, ikkje minst når alle kan få vite alt over alt. Fokuset på mistillit kan gjere at vi mister litt av syne at tillit er noko som skal peike framover.

Tillit handlar om forventning til at det gode kan skje. At du, og eg, og vi saman, kan gå vidare inn i framtida med tru - på framtida. Ja, for tillit er faktisk det same som tru. Vi må ha trua på andre, og andre må ha trua på oss. Vi må ha trua på at det går.

Difor vert tillit meir enn noko vi seier. Det vert noko som vi viser i måten vi forheldt oss på. I tru og tillit kan vi gjere vårt og vise at det er mogeleg å gjere noko med dei utfordringane og krisene vi opplever i vår tid. Elles vert vi apatiske og passive. Vi må vere med og byggje tillit, og saman skape forventning til at det er mogeleg.

Det må ofte starte med ei erkjenning, ei oppleving, kanskje noko som ristar litt i oss. Tillit blir likevel best skapt ved oppleve noko som er spesielt meiningsfullt og endå til vakkert.

Mange hadde møtt opp for å vere med på opninga av Olavsfest 2023.

Tillit handlar om meir enn oss. Tru på Gud er først og fremst tillit. Tru er ikkje først og fremst meiningar om Gud eller om noko vi ikkje heilt har noko meining om, eller vil ha ei meining om. Kyrkjas tru er ei tillit til at Gud vil oss vel. Gud har gitt oss livet. Gud har gitt oss nye muligheiter, til å begynne på nytt kvar dag. Gud har vist oss tillit til å ta ansvar for denne kloden.

Tillit er eit godt tema for Olavsfest. Uansett kva slags tru vi har, treng vi ei tru på framtida som byggjer på tillit.

Måtte denne Olavsfesten bidra til det.  

 

Helsing ved opninga av Olavsfest 2023

Erkebispegarden i Nidaros, 28. juli 2023

Preses Olav Fykse Tveit

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"