Dale kyrkje er open kl. 12 - 14 kvar 3. laurdag i månaden

Opne kyrkjer er vanleg rundt om i verda, men er nok ikkje like vanleg i Noreg. Det hender me får spørsmål om kva tid kyrkja på Dale er open, men det er stort sett berre under Daledagane ein kan kome innom utanom når det er arrangement i kyrkja.

Dale kyrkje er open kl. 12 - 14 kvar 3. laurdag i månaden

Dale soknerådet vil gjerne gjere noko med det, og opnar i fyrste omgang opp kyrkja to timar kvar tredje laurdag i månaden. Og i januar er dette komande laurdag. Då kan til dømes dei som er på handletur eller andre turar kombinere det med eit besøk i kyrkja.

Kyrkja er open for alle som

       # Berre vil koma innom      # Bli betre kjent med kyrkja   # Ha ei stille stund    

       # Tenne lys                       # Vil sjå seg rundt                 # Få med seg ei lågmælt musikkstund

Desse timane startar med ei kort omvising for dei som vil ha det. Så vert det ei kort musikkstund, som regel ved lokale musikarar. No på laurdag er det Per Jørgensen som stiller opp. De vert og sett fram noko enkelt å ete og drikke, og det er høve til å tenne lys i lysgloben eller berre sitje stille ned.

Kl. 12.00 Kort omvisning

Kl. 12.30 Musikkstund

Laurdagane kyrkja er open i vår: 

21. januar - 18. februar - 18. mars - 15. april - 20. mai

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"