Informasjon

Mange praktiske spørsmål melder seg i samband med ei gravferd. Dette kjem i tillegg til tapet av ein kjær. Vi vil her gje svar på nokre av dei praktiske spørsmåla. Andre spørsmål vil vere naturleg å ta opp i samtale med presten eller med gravferdsbyrået før gravferda.

Kyrkjeverja i Vanylven har forvaltningsansvaret for gravplassen på vegne av alle innbyggjarane i kommunen. Frå 2009 er det kommunen som gjennom tenesteytingsavtalen har ansvaret for den den praktiske kyrkjegardsdrifta i samband med gravlegging, slått på kyrkjegarden og vedlikehald, medan kyrkjeverja administrerer gravarkivet. Kyrkjegarden har lokale vedtekter (sjå vedlegg) og drifta er også regulert av gravferdslova og forskrifta til gravferdslova. Kistegravferd er det mest vanlege, men vi ser også at det er fleire og fleire som vel kremasjon.

Nokre gonger er det ikkje avsett plass til fleire kister i same gravstad, eller det fins andre grunnar til å vurdere kremasjon. Alle, uansett trussamfunn, livsyn eller kulturell bakgrunn har rett på fri grav i sin eigen bustadkommune. Viss den som er død har vore busett utanfor kommunen, kjem det avgifter til for å ta i bruk ei grav i Vanylven. Sjå vedlegg nedanfor. Viss ein også vil bruke kyrkjer til seremonien, vil det medføre leigekostnader. Er ein busett i Vanylven og medlem av andre kyrkjesamfunn enn Den norske kyrkja, kan kyrkja leigast til bruk til seremoni etter avtale. Sjå vedlegga nedanfor.