Det blir gudsteneste i alle 3 hovudkyrkjene våre på julaftan;
Lomen kyrkje kl.14.00
Slidredomen kl.15.00
Røn kyrkje kl.16.00
I Lomen kyrkje og i Slidredomen er det prost Carl Philip Weisser som er liturg, i Røn kyrkje er det Terje Eklund.
I tillegg til at Jovita Bergheim er med som organist, vil Kristine Tande spele kornett på alle julegudstenestene.
Jula blir ringt inn i kvart sokn etter at gudstenesten i soknet er ferdig.
I Lomen blir det ringt i stupulen ved Lomen Stavkyrkje.
Det vil også bli ringt i klokketårnet i Braka, nær Øyjar kapell, kl.16.00.
1.juledag blir det gudsteneste i Slidredomen kl.11 med vikarprest Ellen Oddveig Rudi.
Ole Turmarken blir med og spelar trompet.
2.juledag blir det andakt på helsetunet kl.11.00 med vikarprest Terje Eklund og organist Jovita Bergheim.
Hjarteleg velkomen til julegudstenester i kyrkja vår!