For eit drygt år sidan blei det vedteke å rive det gamle bårehuset med wc-anlegg ved Slidredomen – for å setje opp eit nytt bygg.
Som de sikkert har sett, er bygget no heilt ferdig! Vi er stolte og glade over bygget – der det ligg så fint i terrenget - brunmåla med blå dører og vakkert torvtak.
Søndag 11.september blir bygget offisielt opna. Det skjer like etter gudstenesten i Slidredomen, som byrjar kl.11.00.
I denne gudstenesten blir alle konfirmantane i 2023 presentert – dei vil vere første konfirmantkullet som tek bygget i bruk!
Utanfor bygget blir det ei markering med taler, musikalske innslag og sjølvsagt snorklipping! Etterpå er alle velkomne inn i bygget for befaring og stående buffet med kaffe og kake.
Hjarteleg velkomen til ei fin og uformell opning av eit etterlengta bygg – som vi gler oss stort til å vise fram og byrje og ta i bruk!
NB! Vi mangler fortsatt en del inventar i kyrkjestova. Stolar, bord og dekketøy mm står på innkjøpslista vår. Vi har litt midler til dette, men vi treng meir.
Om du ønsker å gje ei gåve til kyrkjestova er du hjarteleg velkomen til det! Du kan bruke kontonr til Kyrkjeleg fellesråd: 2153.07.09296 eller Vippse til:620343
Alle gåver er kjærkomne, uansett beløp!