Endelig er datoen for opninga av mekkeklubben i dei gamle lokala til Lomen Auto fastsett! Torsdag 13. april kl 16.00 og utover ettermiddag og kveld blir det snorklypping, visning av lokala, servering av pølser og kake og kulturelle innslag.
Ungdomar er spesielt velkomne, men alle andre som som vil sjå det nye prosjektet til kyrkja i Vestre Slidre er sjølvsagt også hjarteleg velkomen! Prosjektet er eit samarbeid med Vestre Slidre og Vang kommune. Leiare frå Den norske kyrkja og kommunene kjem.
Det vil bli satt opp busser frå både Vestre Slidre og Vang etter skuletid; meir informasjon om dette kjem på skulene etterhvert.
Håpar at alle som er interessert i dette møter opp! Velkomen!
Er du ein av dei som kunne tenkje deg og være med og bidra på mekkeklubb, ta kontakt med kyrkjekontoret i Vestre Slidre ved Geir Kongslien tlf 92887778 eller e-post:gk662@kyrkja.no