Den 6.mars var det ein ny organist som spelte for menigheten i Lomen kyrkje. Jovita er tilsett som vikar i kyrkja i Vestre Slidre med mogleghet for fast stilling etterkvart.
Jovita er 45 år og opprineleg frå Estland. Ho har budd i Skjåk nokre år før ho flytte til nabokommuna Vang. Ho er ei musikalsk og allsidig dame, som trakterer både orgel, piano, bratsj og sikkert fleire instrument også.
Ho er positiv og blid og vil heilt sikkert gje kyrkjegjengarane i Vestre Slidre mykje glede framover.
Vi ynskjer Jovita hjarteleg velkomen til oss!