Ja! Endeleg! Lydanlegga i kyrkjene våre har vore modne for utskifting i mange år. No skal vi endeleg få kunne høyre godt det som blir sagt og gjort i kyrkja, og slippe sprakande og utrivelege høgtalarar!
Svein Henriksveen, ein kjempedyktig lydteknikar, har gjort jobben med å finne rett utstyr for våre behov og installere utstyret i kyrkjene.
Ein lesepult-mikrofon, eitpar myggar og høgtalarane i Slidredomen er beholdt, elles er forsterkarar, miksepultar og mikrofonar skifta ut. Fleire meter gamal ledning er fjerna, og lydopplegget er no mykje meir oversikteleg og enklare å bruke.
Miksepulten er trådlaus, og blir styrt enkelt via ein app på nettbrett. Slik kan organisten, som høyrer lyden best, ved behov justere lyden frå galleriet.
Skilnaden frå før og no er stor-det kjem de til å merke når de besøker kyrkjene våre.
Nytt utstyr er sjølvsagt dyrt. Vi har vore heldige å motta fondsmidlar frå trusopplæringa og nokre prosjektmidlar frå sokneråda som vil dekke kostnaden. Fantastisk! Velkomne til å høyre god lyd neste gong de besøker ei av kyrkjene våre!