Førre helg arrangerte kyrkja i Vestre Slidre tårnagenthelg for 4. og 5. klasse i kommunen. 12 flotte ungar deltok. Dei gjorde seg kjend med kyrkjerommet gjennom leikar, spørsmål og skattejakt - høgdepuktet var nok å vere med opp i klokketårnet og ringe med klokkene!
I søndagens messe deltok ungane; ma blei dei intervjua av trusopplærer Geir om kva dei hadde opplevd i helga. Sokneprest Berit Kristin hadde også oppgåver til ungane med lystenning og bønevandring for å nevne noko.
Ei flott helg for ungar og vaksne!