Hovudmarkering under Olsok
Laurdag den 29. juli blir det ei felles hovudmarkering som startar i Vestre Slidre og som blir avslutta med folkefest på Valdres Folkemuseum på Fagernes. Programmet tar til ved Tingsteinen i Vestre Slidre med eit historisk program under leiing av historielaga i Valdres. Så held det fram med ei økumenisk fredsgudsteneste i Slidredomen og Olsokfeiring og folkefest på museet.
Det er mykje som skal planleggast og vi håpar at det å bli kjend med fortida, både det som var kritikkverdig og det som var av det gode, kan gje viktige innspel til å bygge gode lokalsamfunn som gjer Valdres til ein god stad å leve. Dette er ikkje noko som ein prosjektkomité kan klare åleine, her trengs det ein felles dugnad og mykje entusiasme for å skape eit minneverdig jubileumsår.
Under er ein link der du kan lesa meir om jubileumet
https://www.valdres.no/nyheter/2022/12/19/1000-ars-markeringen-straks-i-gang-a3590