Allehelgens-sundag, 6.november, ynsker vi velkomen til minnegudsteneste i Slidredomen kl.18.00.
I gudstenesten vil vi tenne lys for og lese opp namna på alle dei som har gått bort i Vestre Slidre det siste året. Vi vil også lytte til musikk, bibeltekstar og dikt, -til ettertanke og trøyst.
Alle er velkomne til gudstenesten, men dei som har mista nokon av sine kjære er spesielt inviterte – dei vil også motta ein invitasjon i posten.
Velkomen innom for ein kaffekopp i kyrkjestoga før gudstenesten om du ønsker det – den er ope frå kl.17.00. Kyrkja er også open frå kl.17.00 – organist Jovita vil spele orgel frå klokka 17.30.
Velkomen!