I år blei påska markert på ein anna måte enn vi er van med i kyrkjene våre.
I staden for gudstenester hadde vi opne kyrkjer.
Palmesundag og skjærtorsdag var det fint vêr – diførr var besøkande i hovudsak utanfor kyrkja.
Kvistar med påskepynt, som bornehagen i Slidre hadde laga til oss før påske, sto utanfor kyrkjene. Ein kunne skrive bøner og henge dei på treet.
Påskeduken – ein lang flott duk som viser heile påskeforteljinga frå Palmesundag til Påskedag – var fin å både sjå og gå på.
Langfredag var det det ope kyrkje på kvelden. Det blei markert med heiltsvart duk og krone på sidealtaret.
Påskedag var det lukka dåpsgudsteneste for ein familie. Dei var så heldige å få høyre flott strykarmusikk frå Marit Ingeborg og Sigrid Andrine Garvik.
Det var ei fin markering å ha dåp på sjølve Påskedagen!
Vi brukte Facebook-sida vår meir enn vi plar denne påska.
Kvar morgon på påskedagane la vi ut «Dagens salme» - både tekst og musikk. På kvelden kunne de lese «Kveldens dikt», valt ut av klokkarane våre.
Det blei ei annleis, men fin påske i kyrkjene våre i år. Her ser de fleire bilete frå påskeveka;