Søndag 23.august blir vår nye sokneprest, Berit Kristin Klevmoen, innsett i Slidredomen. Det blir gudsteneste kl.11.00. Alle som ynskjer det er velkomne til å delta, dog er det begrenset antall plasser grunna smittevernomsyn. Ver tidleg ute om du ynskjer plass! Som i vår og sommar må vi «dele ut» handsprit og føre lister over dei som kjem.
Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffe ute i prestegarden. Der vil det vere plass til fleire enn i kyrkja, og rekk du ikkje gudstenesta er du sjølvsagt varmt velkomen hit! Det blir taler og litt underhaldning, og mykje tid til å ete kake, drikke kaffe og skravle. Velkomne skal de vere, til hyggeleg treff og til å ta i mot Berit Kristin!