Julemarkedet i prestgården i Slidre vart til julegrantenning, gløgg, pepperkaker og bålkos. Ei stemningsfull stund vart det med kunstutstilling av skole og barnehagebarn, sang og musikk av Alexander Juul De Sarrazin og Røn musikklag.
Ei helsing frå Ordfører Haldor vart det også, og selvsagt noen ord frå soknepresten vår, som saman med Edit Helle og Lillian Bekkemellem sto for det meste av organiseringa med hjelp i frå sokneråda.
Det heile vart avslutta i lett snødryss med fakkeltog og sang ved sjukeheimen og Bergtun.
Under kan du sjå nokre bileter frå dagen og kvelden.