Tysdag 12.desember var vi så heldige å få besøk av dei eldste borna i bornehagene i bygda. Dei gjekk til kyrkja som er nærast bornehagen sin; Røn kyrkje og Slidredomen. Der blei dei møtt av fleire frå staben ved kyrkja som for anledningen var engelen Gabriel, vert og kong Kvirinius.
Barna fekk velge kven dei ville vere i julespelet, fekk på seg klede-og saman gjekk vi vandring opp til Betlehem og stallen med Jesusbarnet.
Det var engasjerte og nysgjerrige barn som levde seg inn i spelet og song med på julesongane til musikk frå organisten.
Takk for besøket-av både born og vaksne-det var ei flott oppleving for oss