Kyrkjene er no klare for julevandring julaftan i kyrkjene våre. Kyrkjeromma er pynta med englar, julekrybbe, kunst frå bornehage-og skule-elevar og stearinljos.
Vandringa byrjar utanfor kyrkja med juleevangeliet og håps-tre, og fortsetter så vidare inn i kyrkja. Der tenner vi kvart vårt ljos og vandrar mot julekrybba, medan vi lyttar til julemusikk frå organist og blåsar. Kor lenge vi blir inne i kyrkjerommet kjem an på kor mange grupper vi blir. Ved utgongen gjennom sakristiet ønsker vi kvarandre god jul og mottek ei lita helsing.
Vi blir maks i 20 i kyrkjerommet om gongen, vi har munnbind til alle og kyrkjevertar og tilsette ivaretek smittevernet på ein god måte. Tidspunkt for vandring er kl.14 i Lomen kyrkje, kl.15 i Slidredomen og kl.16 i Røn kyrkje. Ønsker du å bli med på dette, er det berre å møte opp, det er ingen påmelding. Dette blir så vakkert og fint!