Fyrste veka i august var det konfirmasjonsleir i Grimstad. Det var ein flott gjeng med ungdomar frå Vestre Slidre, 11 gutar og 8 jenter, som saman med trusopplærar Geir og forelder Margunn drog av garde.
Ei flott og hektisk veke vart det, med masse aktivitetar og stort sett fint vær.
Vestre Slidre utmerka seg frå fyrste stund med greie, flinke, lydige og høflige ungdomar, som gjorde det skarpt på alle arenaer.
Vestre Slidre vann Grimstadleikane (ei løype med masse stasjonar med øvelser og spørsmål), der samarbeid var ein gjennomgåande tråd.
Vidare vann det eine guterommet for beste ryddige rom. Jentene møtte alltid punktleg på alle arrangementa og utpeika seg med å vere aktive på på leirdans og song. Gutane hang også med!
På gruppemøta på kvelden blei det teke opp alt som var gjort gjennom dagen, rett og galt, men når vi kom til Vestre Slidre sin tur kom det alltid frå leirsjefen: "Vestre Slidre er det ingentig med, dei gjer som dei får beskjed om."
Ei lærerik veke vart det, med læring om bibelen og fleire interessante tema, som identitet, seksualitet, alkohol og rus.
Eg må også nevne Ugandamarkedet, der ungdomane selde ulike tenester til inntekt for Uganda. Dei selde klemmar, braut handback, kasta svampar, selde lappar og saft ovs. Heile markedet samla inn 16000 kr,-.
Eg vil gje Margunn ein stor, varm takk for at ho vart med som forelder og tok på seg vakter kvar dag i helseteamet på leiren.
Til slutt vil eg takke alle ungdomane for ei flott veke - det er ingen sak å reise på leir med ein slek flott gjeng!
Best helsing Geir, trusopplærar.