Slik blir det julaftan i kyrkjene våre:
- Vi starter utanfor kyrkja med juleevangeliet og «håps-tre».
- Deretter går vi inn i kyrkjerommet og lyttar til julemusikk med orgel og trompet (maks 20 personar om gongen)
- Ei stille vandring mot julekrybba
- Kyrkjevandringa går fram til alteret og med utgong gjennom sakristiet
- Velsignelse og gledeleg julehøgtid ynskjer vi kvarandre ved utgongen
- Ei lita helsing ventar utanfor
Du treng ikkje melde deg på på julaftan-gudsteneste. Vi kan vere 20 inne i kyrkjerommet samstundes. Kohortar på inntil 20 stk går inn i kyrkja, og ny gruppe går inn når ei gruppe er ferdig. Lengda på musikkspeling inne i kyrkja tilpassast antall kohortar.
Dette blir fint! Velkomen til ei stemningsfull stund. Husk å kle deg godt!
Slik blir det 1. juledag i Slidredomen:
- Open kyrkje kl. 11 til 12 med musikk, tekstlesing, bøn og lystenning.
1.nyårsdag blir det ikkje gudsteneste i år.
2.januar blir det undervisningsgudsteneste i Røn kyrkje (merk at den er flytta frå Øyjar kapell).
Gudstenesta er ope for alle, men konfirmantane i Røn er særskild invitert.
Smittevern som gjeld for kyrkja no:
- Max 50 personar med faste, tilviste plassar
- Max 20 personar utan faste tilviste plassar
- Påbod om munnbind inn/ut av kyrkja og når ein ikkje kan overhalde 1-meters avstand
- Handsprit
- Registrering med namn og tlfnr på alle besøkande og tilsette som deltek
Vi sørger for at smittevern blir ivareteke på ein god måte – med ekstra personell, gode rutiner og utdeling av munnbind til dei som treng de