TELEFONVEN

Ein fast person å snakke med ein gong i veka.

TELEFONVEN

Liker du å snakke i telefonen? Vil du vere ein telefonven?

Vi treng kvarandre no. Det har vore ei lang tid med begrensa sosial kontakt, og for mange ei tung tid. Fleire kan kjenne på behov for å prate med nokon.

I samarbeid med fleire grupper i kommuen, ma pensjonistlaget, bygdekvinnelaget og raude kors ønsker også kyrkja å kunne bidra med telefonvener.

Kan du tenkje deg å vere telefonven?

I praksis betyr det at du blir tildelt ein person som har ønskt seg ein telefonven, og som vi tenkjer du kan «matche» bra. Du ringer denne personen jamnleg. Det bør vere ein gong pr veke i om lag 15 minutt. Telefonvenar i alle aldre er velkomne. Samstundes oppmodar vi unge vaksne og dei mellom 30 - 50 år om å melde seg. Vi treng både menn og kvinner.

Opplæring:

Frivilligsentralen vil halde eit oppstartsmøte for dei som vil vere telefonven med tips og info. Alle telefonvenar og andre involverte har sjølvsagt teieplikt.

***

Treng du ein telefonven?

Kjenner du behov for å ha nokon å prate med - om kvardagslege  ting eller større bekymringer, og kunne tenkje deg ein fast telefonven som kontaktar deg kvar veke?

Frivilligsentralen tar på seg å koordinere namna på både dei som ynskjer å få ein telefonven og dei som ynskjer å  vere ein telefonven.

***

Kontakt:

Er noko av dette interessant for deg, kan du ringe kyrkjekontoret: 61 34 5095(98), eller sende mail til vk766@kyrkja.no. Du kan og sende mail til frivilligsentralen på mail torill.troen@vestre-slidre.kommune.no

***

På sikt, når smittesituasjonen er annleis, og om det er ønskeleg, kan telefonvenar bli besøksvenar.

 

Vit at som alltid elles er prest Berit Kristin Klevmoen tilgjengelig for samtale uavhengig av telefonven-tenesta.

 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Vestre Slidre kyrkjeleg fellesråd

Kontoradresse: Slidrevegen 20,
2966 Slidre.

Besøksadresse: Kyrkjekontoret, Slidrevegen 20, 2966 Slidre.

Åpningstider: Kyrkjekontoret er ope: måndag til torsdag kl. 09.00 – kl. 15.00
Kyrkjekontoret kan vere stengt i denne tida pga. møte, ferie og anna.

Telefon kyrkjekontoret:  48237798/48122137
Epost: vk766@kyrkja.no

Telefon sentralbord kommunehuset:
61 34 50 00

VIPPS til Røn sokn: 105863
VIPPS til Slidre sokn: 109786
VIPPS til Lomen sokn: 137884

VIPPS til Kyrkjeleg fellesråd: 620343

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"