I Lomen er det søndagsskule ca. annankvar søndag i 2. etg i Lomen kyrkje. Oversikt over kva datoar det er søndagskule står på tavle utanfor kyrkja.
Leif og Joan Homme starta søndagsskulen for ca. 30 år sidan, og driv framleis på. Forteljing frå bibelen, gjerne med flanellograf, og oppgåveløysing er noko av aktivitetane der.
Ein søndag i løpet av vinteren arrangerer søndagsskulen, i samarbeid med Lomen sokneråd, skirenn på jordet like ved. Då er det tidtaking, premieutdeling og servering av pølser og kaffe/kake.
Kontaktperson: Leif Homme, Ellestadvegen 34, 2967 Lomen.
I Røn er det søndagsskule ein gong i månaden i Røn kyrkjestogo. Her følgjer dei hovudsakleg Søndagsskulen Norge sitt opplegg «Jesus til barna». Barna får utdelt eit blad kvar gong, dei syng og løyser ulike oppgåver, nokon gongar ser dei filmsnuttar. Dei avsluttar alltid med kake, saft og kaffe.
Røn søndagsskule har eige facebookside, der kunngjer dei neste gong det er søndagsskule.
Kontaktperson: Hilde Nybråten Berg, mob.918 17 975.