Babysong
På samlingane vil de få friska opp songar de hugsar frå dykkar eigen barndom, og lære mange nye. De vil få tips om korleis de kan bruke song og musikk i kvardagen med barna dykkar, og de vil få råd om korleis de kan gje barnet trusopplæring gjennom song og musikk.
Kvifor er babysong viktig?
- Gjennom rytme, song og musikk blir heile mennesket engasjert, uavhengig av alder.
- Ein treff andre foreldre/føresette i same situasjon, og ein får knytte nye kontaktar.
- Song og musikk skapar gode augneblink saman med barnet i kvardagen.
Sund kyrkje:
Onsdagar kl. 10.30-11-30 er det babysong i Sund kyrkje. Babysong vert leia av kyrkjelydspedagog Katrin Fischer. Følg med på skjerikyrkja.no for datoar.
Blomvåg barnehage:
I samarbeid med Blomvåg barnehage. Samlingane er annankvar tysdag i barnehagen kl. 10-12. For meir informasjon følg med på facebook.
Fjell kyrkje:
I samarbeid med KFUK-KFUM Åpen Barnehage. Samlingane er annankvar tysdag kl. 12.30-14.30, og blir leia av Vibeke Suphellen. Det er inga påmelding. Meir info finn du på Facebooksida til KFUK - KFUM åpen barnehage Øygarden.
Landro kyrkje:
I samarbeid med KFUK-KFUM Åpen Barnehage onsdagar kl. 12.30. Vi syng oppe i kyrkja og så går vi ned i barnehagen og leikar og skravlar etterpå. Ein blir så lenge ein vil, vi stenger kl. 14.45. Babysongen er gratis, og det er inga påmelding. Har du spørsmål, er det berre å komma innom ein dag, eller sende ei melding på Facebooksida til KFUK - KFUM åpen barnehage Øygarden
Foldnes kyrkje:
Her skjer babysongen i regi av T-dagen, og blir leia av Elisabeth Møll Jung. Samlingane skjer i kyrkjekjellaren i Foldnes kyrkje annankvar fredag kl. 12-13. Sjå skjerikyrkja.no for datoar.