Her finn du kontaktinformasjon for dei tilsette i Sunnfjord kyrkjelege fellesråd.
Du kan også ringe sentralbordet på 57 82 81 80. Nederst på alle sider finn du snarvegar til dei ulike sokna sine nettsida og tilbake til Sunnfjord kyrkjelege fellesråd.
I perioden 4. juli – 7. august er sentralbordet for heile fellesrådet og kontoret i Førde ope klokka 09.00 – 13.00 alle kvardagar. Kyrkjekontora i Gaular, Jølster og Naustdal har ikkje vanleg opningstid i sommarferien. Du får hjelp på kyrkjekontoret i Førde og ved henvending til sentralbordet på telefon 57828180.
9.-12.august er det aktivitetsveke for 1. - 4. klassingar på Førde barneskule og i Førde kyrkje. Vakuumveka er full av aktivitetar og gode opplevingar. Den er ein del av trusopplæringa i Førde, Holsen og Haukedalen kyrkjer. Barna skal bli betre kjende med kyrkja og få ei innhaldsrik veke før skulestart.
Deltakaravgift: kr. 850. Syskenrabatt på kr. 100.
Påmelding på https://minkirkeside.no/Sunnfjord innan 30.juni.
Vi treng ferievikar for kyrkjegardsarbeidaren vår, i veke 27-30.
Det kan også bli aktuelt med nokre fleire arbeidsdagar gjennom sommaren, avhengig av kva andre oppgåver den fast tilsette arbeidaren må ta.
Arbeidet vil i hovudsak vere slått og stell av gravplassane i Bygstad, Sande, Hestad og Viksdalen.
Torsdag 28.april klokka 19.00 vert det ein bønekveld for fred i Førde kyrkje.
Med utgangspunkt i krigen i Ukraina og dei mange som er på flukt inviterer vi til ein bønekveld for fred.
I bøna vil vi og lyfte fram dei mange andre landa og konfliktane rundt om i verda der menneske lir.
Alle kristne trussamfunn og organisasjonar i Førde er invitert til å vere med.
Etter samlinga vert det ei enkel servering bak i kyrkja.
Det er Økumenisk utval i Førde som inviterer.
Kvar einaste dag no kjenner eg, som mange andre, på ei djup fortviling og sorg over at vi framleis må oppleve krigens mørke og vondskap. Krigen er ikkje her hos oss, og det er ikkje vi som er på flukt eller som må forsvare heimane våre med våpen, men krigen skapar rørsler som ringer i vatn, og ringane frå krigen i Ukraina har skapt bylgjer også her hos oss. Vi blir bedne om støtte, og vi blir bedne om å ta imot flyktningar. Vi kjenner det i hjartet og mange har ein klump i magen.
Og dette er ikkje den einaste krigen, og ukrainarane er ikkje dei einaste som er på flukt. Etiopia, Yemen, Syria, Libya, Mali og mange fleir, er land der tusenvis vert drepne, drivne på flukt og misser alt håp.
- for fred
- for alle som hungrar og tørstar etter rettferda
- for alle som sørger i Ukraina, men også i Russland der mange sørger over uduglege leiarar og meiningslause tap...
Den dramatiske utviklinga i Ukraina har ført til fortviling, frykt og djup bekymring over heile Europa. No er det tid for forbøn og solidarisk handling. Vi har opa kyrkje i Førde onsdag, torsdag og fredag kl. 19-21. Velkomen til felleskap i bøn og lystenning. Kaffi og høve til samtale.
Ledig stilling som kantor/organist/kyrkjemusikar 40% fast og 60% vikariat. Søknadsfrist: 28.februar 2022. Sunnfjord kommune har rundt 22.000 innbyggjarar.
Hovudadministrasjonen til fellesrådet har kontor i Førde. Vi har 5 kantor-stillingar i organisasjonen, og ein av desse, deltid – 40%, blir ledig frå 1.4.2022. På grunn av permisjonar er det ledig 100% stilling fram til 1.8.22. Det kan bli aktuelt med noko forlenging av vikariat i mindre stillingsprosent.
Vi har ansvar for tenester i 6 sokn og det fordeler seg på 12 kyrkjer/kapell.
Er du under 25 år og vil arbeide i Førde kyrkje? Vi har «prosjekt»-stillingar for unge medarbeidarar i Førde kyrkje / Førde sokn, og då ein av ungdomane no sluttar, så treng vi ny(e) inn.
Klikk her for å sjå videoopptak frå Ålhus kyrkje no tidleg i mai. Aktørane er Cathrin Hjelle Søvde - sopran, Anne Turid Taklo - kornett, Øyvind Dvergsdal - tenor, Hans Holgersson - cello og Rune Molvik - orgel. Dei ynskjer at folk kan synge med og gle seg over våren som no er like om hjørnet.
Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:
Se instruksjoner for din nettlester under:
Internet explorer
Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"
Chrome
Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista
Firefox
Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert