Vi vil saman med foreldre/føresette og fadrar fremme kjærleik, håp og tru for barn og unge som veks opp i Førde.
KJÆRLEIK
- Hjelpe barn og unge til å forstå at dei er elska og verdsett av Gud og kva det betyr i deira liv
HÅP
- Hjelpe barn og unge til kristen identitet, og gje hjelp til livsmeistring og livstolking i alle fasar i livet.
TRU
- Hjelpe barn og unge til å delta i kristen praksis, og gje barn og unge kunnskap og kjennskap til kristen tru og tradisjon.
Holsen og Haukedalen Sokn
Medlemmane i Holsen og Haukedalen får også invitasjon til tiltaka i Førde Sokn. I tillegg får dei utdelt bøker eller aktivitetshefte i gudstenestene. Barna vil få invitasjon til dette i posten.
- 4-årsbok
- Aktivitetshefte for 5 åringane
- 6-årsbok
- Aktivitetshefte for 7-åringar