Kristi himmelfartsdag

Kristi himmelfart feirast til minne om at Jesus fór opp til himmelen: eit vendepunkt i forteljinga om Jesus som Guds son. Les meir om dagen her.

Foto: Lars Verket / Den norske kyrkja

Når er Kristi himmelfartsdag?

Kristi himmelfartsdag blir feira førti dagar etter 1. påskedag. Kristi himmelfartsdag fell alltid på ein torsdag.

Korleis feirar Den norske kyrkja Kristi himmelfartsdag?

Det er vanleg med gudtenestefeiring denne dagen i kyrkja. Mange av desse feirast utandørs.

På skjerikyrkja.no kan du finna gudstenester og arrangement i samband med Kristi himmelfart.

Utendørsgudstjeneste

Seier ein Kristi himmelfart, himmelferda eller helgetorsdag?

Ein kan seie både kristi himmelfart, himmelferda eller helgetorsdag. Nokon seier også himmelspretten.

I Noreg er det mest vanleg å seie Kristi himmelfartsdag.

Kvifor feirast Kristi himmelfartsdag?

Kristi himmelfart feirast til minne om at Jesus Kristus fór opp til himmelen, 39 dager etter at han stod opp fra dei døde.

Kristi himmelfartsdag er ein offentleg helgedag i Noreg.

I tida frå Jesus stod opp, og til han for opp til himmelen fekk disiplane ei rotfesta tru. Dei fekk også eit oppdrag: dei skulle vera vitne om det dei hadde sett og høyrt og fortelje om Jesus til heile verda, det markerast Kristi himmelfartsdag.

Helgetorsdag som vart truleg innført på 300-talet, då enkelte kristne kyrkjer byrja å feire den som ein eigen fest. 

Skyer på blå himmel

Kva står det om himmelferda i Bibelen?

Forteljinga om Jesu himmelfart finn vi i Bibelen i Markusevangeliet, Lukasevangeliet og Apostelgjerningane i Det nye testamentet.

Etter at Jesus hadde stått opp, viste han seg fleire gongar for disiplane. Forteljinga om Jesu himmelfart markerer overgangen til ei ny fase for dei som stod nær Jesus: Eit tilvære utan at Jesus var fysisk til stade. 

Kristi himmelfart er ein dag for avskjed, men også ein dag som minner oss om at vi ikkje er aleine. Jesus lover at disiplane skal blir utrusta til det som ligg framom. Jesus forlet oss altså ikkje utan eit løfte om at han skal vera nær.

Eg sender over dykk det som far min har lova (...) Og medan han velsigna dei, skildest han frå dei og vart teken opp til himmelen

Lukasevangeliet

Ti dagar etter Kristi himmelfart kjem pinse

Bøn for helgetorsdag

Den norske kyrkja har ei bøn for helgetorsdag (Dagens bøn). Den kan du be frå der du er:

Allmektige Gud,
du har opphøgd Son din Jesus Kristus
og sett han ved di høgre hand.
Vi bed deg:
Gje oss din Ande, så vi kan forkynna evangeliet for alle folkeslag,
inntil Kristus kjem att og gjer alle ting nye,
han som med deg og Den heilage ande lever og råder,
éin sann Gud frå æve til æve.
Amen

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"