Bjørgvin bispedømeråd tilsette prestar

Bjørgvin bispedømeråd gjorde vedtak om tilsetjingar i prestestillingar i møtet sitt 21. mars, i tillegg til å vedta høyringssvar om gudstenesta.

Bispedømerådet har uttalt seg om gudstenesteordninga. Her frå ei godt besøkt gudsteneste i Meland der koret Levande lys syng. Foto: Arve Kjell Uthaug

Ny sokneprest i Meland vart Bjørn Tore Sæle. Håkon Økland Kinsarvik har teke mot stilling som kapellan i Eidsvåg sokn og Biskopshavn sokn.  For fleire detaljar om tilsetjingane, sjå protokollen (lenke nede på denne sida).

Gudstenesteordninga

Kyrkjerådet har sendt ut på høyring justering av hovudgudstenesta og allmenne føresegner for gudstenesta. I høyringa spør ein mellom anna om korleis høyringsinstansane meiner gudstenestereforma har påverka gudstenestelivet i bispedømet og i Den norske kyrkja. 

Bjørgvin bispedømeråd meiner at gudstenestereforma ikkje ser ut til å ha vore noko bidrag til større og breiare gudstenestedeltaking. "Gudstenesta har tatt eit steg bort frå å vera allmenn og kjent slik at skiljet mellom dei innanfor som kan dei skiftande kodane og dei utanfor er blitt større. Samstundes er det mange gode lokale forteljingar om auka involvering og deltaking, særleg der ein har andre samlingar enn gudsteneste. Det kan sjå ut som om det ikkje er gudstenesta, men andre typar samlingar i kyrkjelyden som rekrutterer til gudstenesta", står det i høyringssvaret som inneheld fleire andre vurderingar av korleis gudstenestetilbodet fungerer og kan bli endå betre. Blant anna meiner bispedømerådet at biskopen bør ha høve til å gje dispensasjon til liturgisk utprøving. Ein meiner også at det er behov for ei kort hovudgudsteneste som fungerar i små kyrkjelydar der et kan vera få deltakarar og utfordrande å få til god salmesong.

Siste del av høyringa svarer på spørsmål om detaljar i gudstenesteordninga. Les heile høyringssvaret via lenke nedst på denne sida. 

Økonomi

Bjørgvin bispedømeråd tar til vitande økonomirapport for år 2017. Samla overskot er kr 1.173.000. Dette er eit mindreforbruk som går inn i drift og forvaltning i 2018.

Bjørgvin bispedømeråd vedtok budsjett 2018 med ei total ramme på kr 203.594.000. 

Representantskap til Haraldsplass

Bjørgvin bispedømeråd oppnemner til representantskapet i Haraldsplass diakonale stifting for perioden 2018 – 2020:

Representantar:

  • Biskop Halvor Nordhaug (fast representant)
  • Soknediakon Linda Bårdsen
  • Soknediakon Terje Stig Knudsen
  • Sokneprest Hildegunn Katarina Isaksen
  • Sokneprest Espen Tveten

 Vara-representantar:

  • Prostiprest Gunnar Erstad
  • Diakon Astrid Fylling

 Sakliste

Økonomirapport 2017
Budsjett 2018
Kirkens SOS omdanning fra sammenslutning til landsforening
Oppnemning av medlemmer til representantskapet på Haraldsplass diakonale stifting
Høyringssvar om justering av hovudgudstenesta og allmenne føresegner
Orienteringssaker
Referatsaker
   Delegerte vedtak - Bjørgvin bispedømeråd møte 21. mars 2018
   Årsrapport 2017
Tilsettingssaker
   Tilsetting av kapellan i Fana prosti med Søreide sokn som tenestestad
   Tilsetting av sokneprest i Nordhordland prosti med Meland sokn som tenestestad
   Tilsetting av kapellan i Åsane prosti - Eidsvåg sokn og Biskopshavn sokn

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"