Bispedømerådet starta møtet med ei kort pilegrimsvandring mot Røldal saman med ei gruppe frå Agder og Telemark, Vandring for forandring” som er ei pilegrimsvandring for etterlatne etter sjølvmord.
Ei av sakene på bispedømerådsmøtet var prosjektet "Rv 13 som pilegrimsvei". Rådet ser på dette som eit reidskap i utviklinga av Røldal som pilegrimsmål, og vil gjerne medverke med råd i prosessen.
Eit anna pilegrimsmål, Selja, var også tema. Bjørgvin bispedømeråd oppnemner sin kulturrådgjevar som observatør i styret for Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad.
Bjørgvin bispedømeråd gjorde også vedtak om høyringssvar på "Forslag til endringer i regler for valg av Kirkeråd og Kirkemøtetes forretningsorden".
Bjørgvin bispedømeråd (BBDR) finn det er rimeleg at det valde Kyrkjerådet må kunne haldast ansvarleg ved at KM kan reise mistillit.
Bispedømerådet meiner dette bør gjelde generelt, men føreset slik utkastet gjer: «Kirkerådet legger til grunn at forslag om mistillit kun bør fremmes der klart kritikkverdige forhold foreligger». Det vert for komplisert å definere kva saker det skal gjelde.
BBDR meiner eventuell mistillit bør gjelde rådet samla, og ikkje einskildmedlemer. Det kan likevel reisast mistillit til leiaren, sidan vedkomande er vald ved særskild val.
Bjørgvin bispedømerråd innvilgar studiepermisjon og kursstøtte for stiftsdirektør Jan Ove Fjelltveit til å ta kursmodul i endringsleiing.
Sakliste:
Godkjenning av innkalling og saksliste
Godkjenning av møtebok
Kompetansetiltak endringsleiing
Høyringssvar BBDR: - Høring - Forslag til endringer i regler for valg av Kirkeråd og Kirkemøtets forretningsorden
Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad - observatør i styret
Riksvei 13 som pilegrimsvei
Orienteringar