Inkluderande arbeidsliv (IA) i Bjørgvin bispedøme

Bjørgvin bispedøme har fornya avtalen med NAV om å vere ei inkluderande arbeidslivsverksemd. Det gjev oss plikter og rettar.

Førebygging av sjukemelding

Som IA-verksemd kan vi kome til utgreiing raskare enn elles.

Snakk med legen din om du merkar slitasje i muskel, rygg og nakke, og be om utgreiing tidleg. Be fastelegen om å skrive «Raskare tilbake» på tilvisinga. Dette gjer det mogleg å få utgreiing før du treng sjukemelding . Førebygging er alltid å føretrekka framfor reparering.

Ta kontakt med prosten om du kjenner at arbeidsplassen må tilpassast for å unngå slitasje. Ved å få godkjent fysioterapeut til å sjå på arbeidsplassen, kan ein gjere kvardagen enklare.

Arbeidsgjevar kan søkje om «tilretteleggingstilskot» om det er behov for spesialutstyr. Dette gjer bispedømekontoret v/personalrådgjevar. Ta kontakt med bispedømekontoret før du sett i gang prosessen.

Kontaktperson for Bjørgvin bispedøme ved NAV Arbeidslivssenter Hordaland:
Kristine Nilsen, tlf. 55 55 33 36 Epost

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"