Dette går fram av bispedømerådet sitt vedtak om ny strategi i bispedømerådsmøtet 2. februar.
Heile strategivedtaket ser slik ut:
Kyrkja i Bjørgvin vil i perioden 2021 – 2024 særleg arbeide for at
- Fleire i Bjørgvin vert døypte ved å
- styrke kyrkjelyden sitt oppsøkjande arbeid med å forkynne evangeliet til tru
- formidle at trua er ei gåve som ein mottek i dåpen
- invitere folk i alle aldrar til å ta i mot dåpsgåva
- Kyrkja skal vera ein meiningsfull arena for ungdom og unge vaksne der dei kan
- vere – og finne trygge og gode møteplassar
- skape – og bruke sine eigne kulturelle uttrykkformar
- bere - og verte engasjerte for menneskeverd, klima og rettferd
- tru - ved å delta aktivt i gudstenester og fellesskap
- Det kyrkjelydsbyggjande arbeidet vert styrka ved å
- inspirere fleire til å bruke sine evner og gåver i friviljug teneste
- nytte systematiske verktøy i rekruttering og oppfylging
- fremje gjevarteneste
- Kunst- og kulturuttrykk skal vere ein vital del av den lokale kyrkja ved å
- la kunst- og kulturuttrykk vide ut forkynninga og opne opp eit rom for tru
- fremje kyrkja sitt eige arbeid på kyrkjemusikk, kunst og kultur
- utvikle samarbeidet mellom kyrkja og det lokale kunst- og kulturlivet
- Kyrkja er synleg i lokalsamfunnet ved å
- møte folk der dei er i livet og skape inkluderande fellesskap
- samverke med lokale aktørar
- vere aktiv pådrivar for berekraftig utvikling
Kyrkja i Bjørgvin vil nå sine mål ved å vere:
- Open
- Synleg
- Nær
Nasjonal strategi
Den norske kyrkja nasjonalt sin strategi er på høyring, og Bjørgvin bispedømeråd etterlyste mellom anna Jesus og Gud i «identitetsbeskrivelsen» til kyrkja. Dette er med i gjeldande strategidokument, men er no foreslått forkorta. For heile fråsegna, sjå vedlagde protokoll.
Årsplan
Bispedømerådet gav nokre innspel til arbeidet med årsplan for bispedømerådet si verksemd, og vil godkjenna endeleg plan i mars.
Bjørgvin bispedømeråd vedtok underskotsgaranti for ei utstilling med Håkon Gullvåg sine arbeid i Bergen domkirke.
For andre saker, sjå sakliste og protokoll.
Sakliste
1/21 Godkjenning av innkalling og saksliste
2/21 Godkjenning av protokoll
Protokoll Bjørgvin bispedømeråd 15.12.2020
3/21 Mandat for "Ressursgruppe for berekraft: miljø, forbruk og rettferd"
4/21 Strategi og satsing i Bjørgvin 2021 - 2024
5/21 Strategi for Den norske kyrkja 2022-2025 - Høyringsuttale frå Bjørgvin bispedømeråd
6/21 Bjørgvin bispedømeråd - Årsplan 2021 - innspel
7/21 Bjørgvin bispedømeråd - Kultursatsing Underskuddsgaranti
8/21 Bjørgvin bispedømeråd - Høring ressursfordeling menighetsprester
Orienteringssaker
9/21 Bjørgvin diakoniutvalg - referat 2020
10/21 Rapport fra kirkens deltakelse på Alternativmessen
11/21 Representant til regionalt pilegrimssenter i Selje