Tilsettingar
Kari Hop Fjæreide er tilsett som kapellan i Fana prosti med Ytrebygda kyrkje som tenestestad.
Carsten Mrusek er tilsett som sokneprest i Sunnhordland prosti, Fjelberg & Eid og Åkra sokn som tenestestad.
Anna Elisabeth Gestsdottir er tilsett som sokneprest i Sogn prosti med sokna i Aurland som tenestestad.
Økonomi
Bispedømerådet gjekk gjennom rekneskapsrapport for 2. kvartal 2021. Bjørgvin bispedømeråd støttar føringane i tiltaka med å kome i balanse, og gjev administrasjonen fullmakt til å styre i tråd med dette.
Høyring om reglar for val av prest og lek kyrkjeleg tilsett
Det er eigne val på lek kyrkjeleg representant og geistleg representant til bispedømerådet/kyrkjemøtet i samband med kyrkjevalet. I desse vala er det høvesvis leke tilsette i Den norske kyrkja og prestar som har røysterett.
I ei høyring om endring av reglane for desse vala, går kyrkjerådet bl.a. inn for at det blir innført digitalt val av prest og lek kyrkjeleg tilsett og at desse vala blir skilt ut som eige regelverk.
Bjørgvin bispedømeråd støttar forslaget om å skille ut reglane om val av prest og lek kyrkjeleg tilsett som eigne reglar i staden for at dei er del av samla reglar for alle vala til sokneråd og bispedømeråd. Bispedømerådet meiner dette vil gje eit regelverk som er lettare å orientera seg i, særleg for sokneråda som ikkje har noko ansvar i det heile for val av prest og lek tilsett.
Bispedømerådet støttar også forslaget om at val av prest og lek kyrkjeleg tilsett til bispedømeråd og kyrkjemøtet blir gjennomført som heildigitalt val.
Sjå lenke nede på denne sida til heile høyringsfråsegna.
Høyring - endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta
Barne- og familiedepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta. Endringane er ein følgje av at kyrkjelova er avløyst av den nye trussamfunnslova.
Rolla som regionalt mynde med ansvar for ein del godkjenningssaker og som klageorgan etter gravferdslova vart overført frå bispedømerådet til statsforvaltaren frå 1. januar 2021. Dette regelverket vedkjem likevel framleis bispedømerådet og biskopen fordi kyrkjeleg fellesråd er lokalt gravplassmynde og fordi mange gravplassar ligg på kyrkjegarden og difor rundt/ved kyrkjebygga.
Bjørgvin bispedømeråd skriv i si høyringsfråsegn at dei merkar seg særleg framlegget til ny andre setning i gravplasslova § 4 første ledd: «Ligger gravplassen i tilknytning til kirkebygg, skal gravplassmyndigheten innhente uttalelse fra berørte organer i Den norske kirke.» – Vi forstår «berørte organer» som både lokale og regionale/nasjonale organ. Truleg vil kyrkjemøtet legga eit slikt mynde til biskopen. Det er viktig at eit overordna organ er høyringsinstans eller godkjenningsinstans i saker som berører kyrkjestaden, anten det er ein gravplass eller ein «kyrkjebakke» (del av kyrkjestaden som ikkje er gravplass). Ut over dette har vi ikkje vesentlege merknadar til forslaga til endring i regelverket, skriv bispedømerådet.
Tilsettingsrutinar
Bispedømerådet har drøfta tilsettingsrutinar i Bjørgvin og ber administrasjonen ta med seg dei innspela som kom fram.
Styremedlemer i Stiftinga Familievernkontoret i Nordfjord
Bjørgvin bispedømeråd oppnemner til nye styremedlemer i Stiftinga Familiekontoret i Nordfjord 01.06.2021 - 31.05.2025:
Eline Sandnes, Selje. Personleg vara: Olin Johanne Henden, Gloppen
Klaus Iversen, Raudeberg. Personleg vara: Gunn Helgesen, Selje
Saksliste
48/21 Godkjenning av innkalling og saksliste
49/21 Godkjenning av protokoll
50/21 Bjørgvin bispedømeråd - rekneskapsrapport 2 kvartal 2021
51/21 Bjørgvin bispedømeråd - Tiltak for å kome i balanse 2021 og andre tiltak inn mot budsjettarbeidet
52/21 Høyring om reglar for val av prest og lek kyrkjeleg tilsett
53/21 Høyring - endringar i gravplasslova og gravplassforskrifta
59/21 Oppnemning av styremedlemer i Stiftinga familievernkontoret i Nordfjord
54/21 Tilsetting - Gjennomgang av rutinar for Bjørgvin bispedøme
55/21 Tilsetting - Kapellan i Fana prosti med Fana sokn, Ytrebygda kyrkje som tenestestad
56/21 Tilsetting - Kapellan i Fana prosti med Fana sokn, Fana kyrkje som tenestestad
57/21 Tilsetting av sokneprest i Sogn prosti med sokna i Aurland som tenestestad
58/21 Tilsetting - Sokneprest i Sunnhordland prosti, Fjelberg & Eid og Åkra sokn som tenestestad
Protokoll for møtet - sjå nedanfor.